27 januar, 2008

Adjø til Odd


I dag har eg vore på avskjedsgudsteneste med Odd Bondevik. Vi i Møre har hatt ein utrulig god biskop; bunnsolid, Jesusfokusert og jordnær, ein super kombinasjon :)

Prekentekseten i dag var joh.17.1-8. Odd la mest vekt på vers 3:
Og dette er det evige liv, at de kjenner deg, den eneste sanne Gud, og ham du har sendt, Jesus Kristus.

Odd fortalte om første gong han reiste ut som misjonær, om kor hjelpeslaus og fremmed han var i Japan da han kom dit. Men så møtte han ein han kjente, som også var misjonær der, og det utgjorde heile forskjellen. Odd sitt poeng er; det er ikkje så viktig kvar vi kjem, det viktige er kven vi møter der. Fin ting at uansett kvar vi ferdes, no i livet eller seinare, så kan Jesus møte oss der, Han kjenner oss, vi kan kjenne Han, og Han kjenner staden vi kjem til :)

Eg er takknemleg for det Odd har betydd i Møre. Sitat frå ei i kirkebenken: "det har vore godt og trygt å ha Odd i ryggen", det kan eg si meg enig i.

1 kommentar:

Anonym sa...

D va godt sakt!
Kjekt å vite at en aldri e og bli aleine :)