No er det snart ei veke sidan eg og Lazy flytta inn i Molde gjestehavn, det er eit flytt vi ikkje angrar på!

Her er det fint å bo :)

Det er litt meir komfortabelt å bo i Lazy no, samanlikna med korleis det var på seilturen til Middelhavet. Sjølv om vi var på Middelhavet kunne det vere ganske kaldt i Lazy om kveldane, eller kanskje spessielt morgonane... Uansett, vi var sparsome på strømmen det halvåret, også låg vi skjeldent lenge på kvar plass derfor brukte vi berre strøm frå batteria. Men no derimot har eg blitt "fastboande" i Molde, derfor har eg strøm tilgjengelig rett frå brygga heile tida, og det opnar for sånn luksus som varmeomn,
og elektrisk kjølebag, også kan eg jo bruke elektriske lamper, stereoanlegg, pc og telefon utan å tenke på når eg skal få lada batteria neste gong...

Og for dei som skulle bekymre seg for at eg lukta dårlig den her våren pga at eg skreiv i tidlegare innlegg at eg ikkje hadde sanitæranlegg kan eg fortelle at det har ordna seg, eg HAR tilgang til sanitæranlegg! :)
Ei siste setning om luksus: Her i Molde har dei noko så genialt som eit nettverk kaldt "hotspot_molde", det er gratis trådløs internett sponsa av div bedriftar her, derfor kan eg sitte i Lazy og blogge, det er fint det!
Det hører jo også med eit bilde av kjøretøya eg durar rundt med for tida:

Sykkelen var ikkje tilstede da bildet vart tatt...