31 mai, 2007

Skikkelig tabbe og eit stort halleluja!

Da eg kom til flyplassen i går kveld trudde eg flyet mitt skulle gå 21.40, men oppdaga at noko var feil da innsjekkingsautomaten protesterte. Eg sjekka skjermen oppi taket og fann ut at flyet mitt gjekk 20.40, dumt for klokka hadde allerede vorte 20.50, ingen fleire fly til Molde den kvelden... BRØLAR!!

Uten at det heilt hadde gått opp for meg kor kipt det eigentleg var, surra eg meg bort til ei veldig trivelig dame i skranken. Ho kunne komme med lykke-meldinga, flyet mitt var ein time forsinka!! Halleluja! :D

Men "gudfeldighetene" fortsetter...: Da eg kom til ombordstiginga traff eg Liv Anne, ho hadde vore i Stavanger. Det viste seg at det var meir enn berre trivelig at eg traff ho, det vart også ganske avgjerande på om eg skulle komme meg heim på eit brukeleg vis. Sidan flyet mitt var forsinka hadde eg ikkje rokke siste buss heim om eg ikkje Kjetil, Liv Anne sin mann, hadde kjørt meg til bussholdeplassen. Eg hadde heller ikkje rokke den bussen om ikkje det var for at også den var forsinka.

Av og til kjem ein ufortent inn i den grønne bølga...

27 mai, 2007

Bergen

Vi(eg og Nils Ingar) er i Bergen, eg på besøk hos Sigmund og han hos Catharina, Eivind og Jona.
Jona har akkurat hatt spy-sjuka, og da(som alle andre gongar) kan det gå slik som tegninga her beskriv, det fekk Nils Ingar erfare første gongen han helsa på Jona, men det er vel sånt som hører til onkelrolla...

I dag dro Nils Ingar, eg og Sigmund på middagsbesøk til Lillian, Nils Ingar rakk å smake på to pizzabitar før han vart sjåande ut omtrent som på bildet...


Å vere onkel er stas! :)


No skal eg og Sigmund gå tur opp til Fløyen, trivelig å vere her!


Litt bilder frå turen vi hadde til Fløyen:



23 mai, 2007

NMS gjenbruk

Kjøpte 2 sofaer på NMS gjenbruk for 1000 kr til sammen ein gong i vinter. Sofaene var ikkje blant dei finaste eg har sett, men dei var gode å sitte i, og dei hadde potensiale...
Her er ein av dei:

Og her er dei begge etter å ha fått nytt trekk:

NMS gjenbruk er gode greier... :)


I 2005 var netto resultat meir enn 3,6 millioner kroner, pengar som går rett til misjonen, lurt! :)
Annbefaler alle som bor i nærheten av ein gjenbruksbutikk å stikke innom, mykje nyttige greier, genialt for hybelboere!
Sjekk i lista over NMS gjenbruksbutikkar om du har ein i nærheten:
Solakrossen, Ålesund, Tønsberg, Grimstad, Randaberg, Haugesund, Mysen, Skien, Levanger, Kristiansund, Larvik, Lillestrøm, Molde, Volda, Sogndal, Arendal, Ulsteinvik, Egersund, Råde, Kristiansand, Surnadal, Ålgård, Risør, Bergen, Bremnes, Lillesand, Tau, Evje og Førde

20 mai, 2007

siden sist...

Kjempe mange trivelege ting har skjedd sida sist blogging:


Nina, Anne, Oscar, Elise og eg buldra i Romsdalen.


Eg og Elise har hatt deilige vårdagar i Hovdenakkvågen.


Eg har besøkt utendørs barneforening i pøs-regn, men ungar vert vist ikkje skremt av regn, så dei var i slaget som vanleg :) Eit av bilda er eit troll dei laga.


Nils Ingar har vore på besøk, det var i allefall triveleg... :)


I morgon er det mandag og eg skal tilbake på jobb og i vanleg kvardag igjen, fint det og. :)

11 mai, 2007

ELISE! :)


Elise er her!! HURRA!!

Det er første gangen vi treffes etter seilturen, så dette skal feires... :)

07 mai, 2007

Frihelg :)


Eg nyt frihelg i Stavanger sammen med Cathrine, Martin og Filip. Filip er ein fantastisk fyr, med omtrent ubegrensa mengder energi, artig å bli bedre kjent med han. I dag har vi kjørt radiostyrt bil i stua, fjernkontollen til bilen er Filip sin favoritt...
I kveld var eg på gudsteneste i IMI kirka sammen med Kristin, SÅ koselig å treffes litt, har ein tendens til å bli litt vel lenge mellom kvar gong.

I morgon skal eg videre til Åpta på arbeidersamling, skal vere der fram til torsdag.

06 mai, 2007

Våren og sånt...

OK, John Gudmund, det vart ganskje ein litt lang blogge-pause...

Våren er ei fantastik tid! Kroppen min får så mykje energi av alt lyset og eg får ikkje ro på meg til å blogge (det hender at eg overdriv, det brukar min gode venn Siri å minne meg på :)...).

Eg har brukt litt av energioverkuddet til å sosialisere meg, det er i alle fall ikkje bortkasta energiforbruk :)

Her er eit bilde frå 1. mai, det vart ein skikkelig trivelig dag i Torvikbukt sammen med Kristine og Ida, vi tre hadde ikkje vore samla sida vi gjekk på Nordfjord, så det var på tide!