30 desember, 2007

Romjul

Eg og kristine har hatt vårt eige lille juleselskap. Det var kjempe koselig :)





Også har eg, Sivert, Åsta Katrine og Sigmund besøkt folka på Larsåkeren. Vi kjørte traktor opp til setra med heile gjengen oppi hengaren, det var så artig at vi heilt gløymde å ta bilde... :)
Men her er eit bilde av Nina og Jens, som kviler etter turen:

28 desember, 2007

Fotofikling...

Leika meg med fotoprogrammet GIMP, artige saker... :)



Her har vi julestemninga i stova på Buvang... :)

Innspirert frå pappa si preken i gudstenesta på julaftan; kven er du i juleevangeliet??

26 desember, 2007

OPPTUR!!

Ja, oppturen nådde faktisk over 1000 høgdemeter :)

Som mange veit gjekk eg på ein smell under høstleirane i oktober, etter den tid har eg vore meir eller mindre sjukmeldt, det har vore ein skikkelig nedtur.
Mykje prøving og feiling har skjedd sida den gong, eg har ikkje heilt fått til å vurdere kva eg orkar og ikkje orkar til ei kvar tid. Det har vore mange skuffelsar over at kroppen har vore heilt utslitt etter ein sosial kveld. Det er trist å merke at eg ikkje kan leve på den måten eg savna å leve da eg var på seiltur; altså saman med mange menneske...

MEN i dag vart det ein opptur! Eg har vore på topptur med skia mine, vi hadde komme oss opp på toppen om ikkje vinda og den dårlege sikta hadde psyka oss ut. Det vart eit kjempe oppløft for meg å merke at den fysiske delen av kroppen min virkar sånn eg vil den skal virke.
Da eg plutselig oppdaga at eg hadde komme meg opp på ryggen av "Smisetnebba"(og dermed hadde runda 1000 høgdemeter) kom det nokre høge "takk Gud-rop" og brøling berre av rein lykke, DEILIG!!
Neste gong eg merkar at kroppen ikkje orkar meir i sosiale samanhengar blir det deilig å tenke på at den likevel greier 1000 høgdemeter.
Takk og lov altså! :)

18 desember, 2007

Juleavsluttning med bibelgruppa

I høst fekk eg endeleg somla meg til å bli med i ei bibelgrubbe. Det har vore ei utrulig kjekk og givande greie!

Her har vi gruppa i full gang med bibelgruppegreier....

15 desember, 2007

Nyting av tantelivet :)

Når jenta kom måtte eg sjølvsagt skunde meg til Sandnes for å beundre, dulle med og skifte bleie på den splitter nye prinsessa til Cathrine og Martin :)
Ti dagar og kjempe fin!
Og her er moroklumpen i familien...:

Martin vil at Filip skal leike med leiker som Martin og synest er artig, for da vert det artigare for martin å vere med i leiken. :) God tanke, og Filip tar utfordringane; i ein alder på 1 år og 2 månader har han lært å flyge helikopter. Ja, han er naturlegvis eit geni... ;)

No har eg komme heim igjen, ligg i sofaen med litt feber og spysjuke... kjipt, men gledar meg over at det ikkje brøyt ut før eg var heime.

09 desember, 2007

Molde domkirke 50 år

I Molde feirer vi at domkirka har vorte 50 år.

Det høres i heile byen når klokkespelet spelar "hurra for deg"... :)

Ellers har jubileet vorte feira med oratoriumet (dramatisk tonsetting av motiver fra Bibelen) "står om tårnene faller", mange små arrangement, to bøker og i dag som kremen av kaka ei skikkelig festgudstjeneste.
Eg fekk med meg oratoriumet og gudstjenesta, det var gode greier :)
På gudstjenesta preika Odd Bondevik frå mark.1, 14-15:
Då Johannes var sett i fengsel, kom Jesus til Galilea og forkynte Guds evangelium og sa: «Tida er inne, og Guds rike er kome nær. Vend om og tru på evangeliet!»
Vår kjære biskop snakka om at det vert forkynt meir "slapp av alt er fint" enn "vend om!" for tida. Han fortalde at alle prestar i den norske kyrkja har lova ved ordinasjonen at dei skal forkynne til omvending, men det er nok mange prestar gløymer at dei har lova det...
MEN Odd avslutta preika med å be oss i menigheten om å vende om, vi skulle ikkje lenger sjå på dei kristne rundt oss og bli frustrert over den åndelege sløvheten, vi skulle vende om og feste blikket på Jesus.

Det minnte meg om noko Hanna sa ein gong: "I ein saueflokk bør kvar sau lære seg å følge hyrdingen, ikkje berre følge saueflokken."

Så la oss prøve å ikkje bli så forvirra av at "sauene" rundt oss går i alle retnigar, alle vi som er sau må sjølv sørge for å halde blikket festa på hyrdingen (Jesus).

07 desember, 2007

Eksamenstid

Nils Ingar har stort sett snuten ned i ei bok for tida, og eg trudde han var veldig flink heilt til eg såg litt grundigare etter...

02 desember, 2007

Mørketid

Ranvika, ei pittelita bygd litt lenger inn i Romsdalsfjorden er kjent for lysa som kjem opp når nettene blir lange, no er dei igang igjen:
Det er forresten lurt å kjøre rolig for tida. I går hoppa den her hjorten fram frå skogen rett før golfen skulle passere,

01 desember, 2007

Jippi!!

Hurra eg har vorte tante igjen! :)
Halv ti i går kveld fikk Martin og Cathrine fikk ei herlig jente.
Utrolig stas, og eg gledar meg til å besøke dei snart...