13 juni, 2007

Larsåkeren

I kveld er eg på Larsåkeren og sitt barnevakt for kjære Nina som også har dåpsdag i dag :)

Eg våga ikkje å snike meg inn på rommet hennar for å ta eit bilde av ho, så da får det heller bli eit bilde av to skjønne kattungar.

Det var dei to som overlevde å ha Nils Ingar på besøk, sånt besøk kan vere ei hard påkjenning...

11 juni, 2007

Perspektiv

I helga fekk eg nokre tankar...:

Eg var nede ved sjøen på Buvang (heime med mamma og pappa) og fyrte bål, da kom eg til å legge på ein ganske stor stokk som det var ein edderkopp på. Edderkoppen sprang vilt rundt oppå stokken for å finne ein plass der det ikkje var så varmt, men greide det ikkje, han såg ikkje det som eg såg.

Dersom edderkoppen hadde fått sett mitt perspektiv (som eg har prøvd å illustrere) hadde han sett at det var ei løysning; om han hadde våga seg ut på stokkens smale parti kunna han ha komme seg ut av bålet. Men det våga han ikkje, for han viste ikkje at det var noko berging den vegen...

Edderkoppen minnte meg på at det jammen ikkje er så dumt å høre på Gud sine vegleiingar. Gud har eit uforsåeleg stort perspektiv, sprøtt at eg ofte er så forferdeleg treig til å høre etter, og at eg ofte ikkje ein gong ynskjer å høre vegleiingane.

Brødhaud...

Livsnyting

Min kjære naturforvaltnings-lærar Sverre brukar å kalle seg sjølv for livsnytar. Han snakka så mykje om det at det provoserte. Eg var overbevist om at han meinte at det berre er dei som ofte sitt på cafèar med stil, et wienerbrød, og med jamne mellomrom reiser til Spania som er livsnytere...
Men eg er livsnyar når kjem heim og slenger på meg arbeidskleda for å berre slenge rundt i hagen:
Litt for kjapp da eg slengte meg oppi
(ja, eg datt ut av den...)


Håpar det fortsatt er litt morelle når eg kjem hit igjen i høstKan melde om at stikkelsbæra enda ikkje er moden...
For ein glede og rekreasjon det kan vere med hage... :)

10 juni, 2007

Kjell har lagt egg i blomsterkassa

Da eg kom heim til Buvang i helga oppdaga eg at kjell'n har ordna seg reir i blomsterkassa på trappa, den trappa vi går opp og ned mange gongar om dagen... Eg er ikkje heilt sikker på om eg syntes det var lurt, men triveleg var det :) Om morgonen på solfylte fridagar brukar eg ofte å sitte på den trappa og ete frukost, lese, tenke, eller ikkje gjere noko anna enn å berre sitte der. Da er det trivelig å ha litt selskap, sjølv om Kjell berre står der å skrik til meg ute på plena, sikkert passelig fortvilt over at eg forstyrrar ruginga. Kjell er uansett ein triveleg liten skapning, sjølv om eg ikkje trur han kunna sagt det samme om meg...

08 juni, 2007

Kristine på besøk :)

Først eit bilde frå trivelig besøk i april...:
Og eit bilde frå deilig frukost på verandaen i dag:
Takk for koselig besøk! :)

04 juni, 2007

Plenkløpping

I dag har eg kløpt plena, HEILE plena, den er urimelig stor!
Men været er deilig og føtter'n bli deilige... :)

NMS U fest

Eg har hatt fantastisk trivelig besøk det siste døgnet:

Fantastisk deilig badetemperatur i Hovdenakkvågen :)
Deilig og varm frokost på verandaenFortsatt god badetemperatur i dag NMSUere er kvalitetsfolk :)
Kjempe trivelige daga!

02 juni, 2007

Å NEI!

E har fått flått, eller påte, eller ka du vil kalle den, ekkel e den i alle fall!!!
Håpe e får nånj t å ta den bort, for sist e gjor d gjekk d ikkje så bra:

Her kom d ein flott å satt seg høsten mens e gjekk på Nordfjord, d vil si for to og eit halvt år sida. E fjerna den med ein gong e oppdaga den, og trur e fikk ut alt, men d e altså fortsatt merke. Flott e skikkelig ekkle greier...

Kvalitetstid

I kveld kom John Gudmund hit, FANTASTISK TRIVELIG!
Vi åt middag sammen, klatra, bada, leika i hagen, og åt is.
Skikkelig kvalitetstid :)
Litt bilder:




Seigmann på skitur i isen min. Godt for den lekne...