26 februar, 2007

Bålbrenning og grilling oppi setra


Dagens Marianne-prosjekt var å rydde kvist hos geitene på setra, slikt blir det bål og pølsegrilling av... :)

25 februar, 2007

21 februar, 2007

heime for å slite sofa














I formiddag kom Sigrid til Phillipshaugen og tok over leirsjefrolla, så no er eg tilbake i sofaen, for å sove, blogge, sove, skype, bli dulla med av kjærlige foreldre og sove. Så no er det nok ikkje lenge til eg er like frisk som ein turborakett.

Sjølv om ikkje kroppen syntes det var kjempe stas å vere på leir, syntes eg det var trist å forlate Phillipshaugen i dag, leir er tingen altså! Ugane er fantastiske og lederne overrasker stadig med nye evner, føler meg ofte som den heldigste i verden som får ha ein slik jobb, ARTIG!

Bildet er tatt av snusane under innspeksjonen på rommet mitt, snusen begynner å ta seg vel godt tilrette på Phillipshaugen... (det er forresten ikkje lov å sladre til dei som er på leir om kven som er snusen, det publiseres før det er snusen avslørt...)

18 februar, 2007

Leirtid


No er tida for vinterferie og leir! Eg har akkurat lempa bagen inn døra på Buvang og slengt meg i sofaen etter første leir på Phillipshaugen. Med gode ledere og trivelige deltakarar bli det artig å vere på leir!
Temaet var MOT, spennende å snakke med 5.-7. klassingar om å tørre å stå for det dei trur på, det er ikkje alltid berre lett når ein veks opp i Møre. Men på avsluttningsmøtet var det vill dans i matsalen til "Jesus spør om du er tøff nok" med Lisa Børud, artig! :)
På tirsdag skal eg på leir igjen, da bli det leir for 2.-5. klassingar.

02 februar, 2007

Den etterlengta sola


I dag titta plutselig sola fram igjennom skylaget og inn i stua mi. Lysglad som eg er spratt eg opp av sofaen og heiv på meg kleda, men eg var ikkje rask nok. Sola var nesten alt forsvunne bak skya igjen før eg stod utanfor døra. Men det førte uansett til ein liten sykkeltur, så får vi trøste oss med at det går mot lysare tider.

(ok, eg burde ikkje klage på mørketida i år sidan eg har vore i sola fram til jul, men å lengte fram mot lysare tider, og å glede seg over dei stadig hyppigare og lengre solgløtta må vere lov...)