30 august, 2007

Bobb-bobb-bobb-bobb-bobbler inni meg...

Av og til kjennes det ut som at eit eller anna inne i magen min held på å bobble over, nei det kjem nok ikkje av luft i systemet. Eg er forelska...

Nils Ingar er den fantastiske mannen. Det er så stas å merke at eg stadig likar den karen berre betre og betre, lurer av og til på om eg snart har møtt toppen på kor glad det går ann å bli i han, men det har tydeligvis ikkje tenkt å gi seg med det første. :)

29. desember er den store dagen, og eg gleder meg! Men eg må også tilføye at eg tenkjer nok meir på, og gleder meg enda meir til alle dagane etter 29. desember...

17 august, 2007

Lazy-livet

No er eg tilbake i huset på Hovdenakken etter å ha bodd tre dagar i byen, nærare bestemt i Lazy...
Det var på mange måtar stas å bo i Lazy, mange gode minne kjem fram igjen, men eg må også seie at det var deilig å vere tilbake i huset no, det er litt meir luksus her (do og sånt...).
Nils Ingar var med å seile Lazy heim igjen, det var greit å vere to for det var mykje vind! Segla med med-vind, og hadde likevel rev i storseglet, artig, men slitsomt.
No er det natta, i morgon er det ny tur med "Lazy".

11 august, 2007

TenMisjonsFestivalen!

Den her veka har eg vore på TMF, fantastisk bra festival! :)
Tilskuarar til synkronsvømminga som foregikk i bassenget.
Årets tema var "tørst", og det var stort engasjement rundt misjonsprosjektet vi samla inn pengar til; brønnbygging i Laos.
Kva gjer ein vel ikkje for å få inn misjonspengar...?
Bendik forklarte oss at vi er som "Guds mobiltelefon", Gud ønsker å fikse på våre "personlege innstillingar" sånn at vi kan fungere best mulig, det tar tid.
No er eg heime igjen, det er alltid litt godt og samtidig litt tomt (og utruleg stille) å komme heim igjen etter leirar og festivalar.
Litt sliten, så no bli det godt å sove...
Bilda er tatt av Julie Elise Tuvik, TAKK :)