30 april, 2007

Lazy er til salgs


Eg vil berre minne om at Lazy (Elise og min sin trofaste båt) er til salgs, sjekk seilturbloggen.
Tips oss gjerne om plassar der vi bør annonsere :)

20 april, 2007

Eg har den tøffaste venninda! :)


Sikre kjelder frå Torvikbukt har fortalt meg at Ida, vår kjære felles venninde(som eg desverre ikkje har vore veldig flink å holde kontakten med...) frå Nordfjord fhs. kom på 19. plass i årets Finnmarksløp. Pingla Lars Monsen kom på 25. plass... Les meir om tøffe Ida her

18 april, 2007

Fantastiske ungar!

Den her veka har eg vore på 2 barneforeningsbesøk, det er så artig å få reise rundt og så alt det gode arbeidet som vert gjort, i tillegg til at eg får treffe eit heilt lass med fantastiske ungar! :)
I dag var eg på Aure, i ei lita bygd der ute er det 17 ungar i foreninga, det er nesten alle mellom 5 og 12 år, kjempe artig!



Så til alle som les bloggen: Vurder ein gong til om du skal starte ei barneforening, eg er overbevist om at det er ungar der du bur som hadde hatt godt av å vore med... :)

Bilda er tatt på Phillipshaugleir

16 april, 2007

Martin har dåpsdag :)


I går hadde Marianne dåpsdag, på torsdag var det Sivert sin dag, og i dag er det Martin sin tur. Gratulerer med dagen Martin! :)Det her er dagen for å feire at du får, og vil, høre til Jesus, det er utrolig kult at det er mulig! :)Forstår meg ikkje heilt på dåp, men eg forstår meg heller ikkje heilt på at det er mulig å vere "kompis" med Gud, spennende er det i allefall...

15 april, 2007

Dugnadsleir

Fredagsmorgonen: Før eg opna auga om morgonen trudde eg at eg var heime på Buvang og at huset var fult av folk som var igang med å starte dagen og eg skulle stå opp og ete frukost saman med dei, ein sånn morgon er av dei aller beste! Men eg var altså på Hovdenakken, åleine. Eg hadde hatt farrang(spysjuka) i to dagar og sånt vert ein vist litt ensom av når ein bur åleine... Men skuffelsar etter å ha vokna ut av gode draumar går ofte over når ein berre får komme igang med dagen :)
Og dagen vart altså god, for endeleg var eg frisk, og veldig klar for dugnadsleir, arbeidslysta slo meg i hodet og eg satte igang med å hugge ved før eg dro til Phillipshaugen. Kva er vel bedre enn å komme på leir etter litt ensome dagar?!

SÅ kjekt det var å vere på dugnadsleir når arbeidslysta boblar på innsida og ein lengtar etter å vere sosial! :)
Bilda er frå tidlegare dugnadsleirar, eg har rota bort ladaren til kameraet, så ingen bilder den her leiren.

12 april, 2007

Alt som går ned kommer før eller siden opp...

John Gudmund har smitta meg, men han er ein bra kar likevel...
Han stiller opp som leirsjef på dugnadsleiren til helga, det bli veldig bra! :)

10 april, 2007

Påska er over

og eg er tilbake i huset på Skåla.
Det er skikkelig tomt å komme til eit stort, kaldt(det sprakar i omnen, så det ordner seg nok snart...) hus og bu her heilt åleine, etter å ha vore på nesten stappfull påskeleir og feira påske i Ålvundfjorden. Eg er nok av det menneskeslaget som trivst best saman med folk...
Som du sikkert forstår var påska veldig god! :)
Bilder frå ein fantastisk påskeleir:
og fra snøkavinga på Buvang:
sånn kan det gå...

01 april, 2007

Heim til påske

Eg har komme heim til Buvang, og påsketstemninga kjem snikande...
No i helga er det mamma, pappa, Nina, Sivert, Marianne og eg som er heime, kjempe trivelig å samlast sjølv om vi ikkje er alle da.

Nina-sitat:
Eg og Nina gjekk ned til sjøen i dag og fekk sjå to kjell som satt på moloen, Nina seier:
"E skulle ta nånj sånne ein gong, men dem fløyg vekk, dem trudde e va farlig, dem trudde at e va gutt, men e skulle jo berre vere snill..."


I morgon stikk eg på påskeleir, gleder meg!