28 februar, 2008

Gratulerer med dagen!!!!

I dag har min aller kjæraste Kristine bursdag!!
HURRA, HURRA, HURRA!!!

25 februar, 2008

Livet på Buvang

Det er fint å vere på Buvang, trivelig å "henge" sammen med mamma og pappa.
No har mamma hatt nokre fridagar, da har eg og mamma sittet mykje i sofaen og strikka.
Pappa er stort sett i verkstedet og mekka på BAM'en (Buvang AgroMaskin), det er vist mange feil og mykje slitasje som må fiksast.
I dag hadde eg store planer om å ta turen opp til Rambjøra, men etter å ha vassa ei stund med tung snø nesten opp til knea var eg ca så sliten...:
Da eg gjekk på Nordfjord vart eg av og til lei av å gå i kø oppå fjellet, men når det er så mykje snø som i dag hadde det vore fint å hatt ein heil klasse forran som trokka.
Nei, det vart ikkje noko Rambjøra i dag. På toppen av Børsetlia bestemte eg meg for å heller stikke heim for å få med meg pappa opp til Hals for å hente veden eg hogde på lørdag.
Pappa tok av kjettingane, men det var kanskje ikkje så lurt... Han sklei av og kom litt på snei...:
Eg syntes eg hadde vore riktig flink og hogd mykje ved, men var ikkje så stolt lenger da pappa tippa at det var ved nok for berre ei veke.

22 februar, 2008

Ny jobb

Den som har fulgt litt med har nok fått med seg at eg har tatt førarkort på buss, det har eg ikkje gjort heilt uten grunn. No vil eg jobbe som bussjåfør fram til eg begynner å studere, også kan eg kjøre litt i helgene medan eg studerer.
Tirsdag var eg på jobbintervju hos:
Jobben vart min, og eg er klar for å begynne rett etter påske.
Gleder meg, trur eg...

20 februar, 2008

Smisetnebba

I dag har eg vore på Smisetnebba, sist eg var der kom eg berre rett under toppen, deilig å vere heilt opp i dag!

Disen har ligget i Ålvundfjorden i heile dag, det er ikkje ofte den ligg heile dagen. Men dis er fint det, så lenge ein kjem seg over "skylaget", der er det alltid sol :)
Trur det er inni den isklumpen boka til å skrive namnet sitt er, det vart ikkje noko namn i boka i dag...
Neste tur vil eg til Rambjøra, for da går ein meir i solsida. Nokon som blir med?

17 februar, 2008

Helg på Bjorli

Lørdag var pudderføret fult og heilt tilstede på Bjorli, heldigvis var eg og fult og heilt tilstede der! :) Eg har vore på hyttetur saman med Åse-Britt, kjempe trivelig.
Bildet er frå ein tur på Dronninga i Sunndalen, men pudderføret på Bjorli var omtrent like bra...

15 februar, 2008

Bestått!


Da har eg eit mellombels førarprov som det står B D M S T på, stas! Det skal feiras med blåbærpai og is :)
Kjeinga er forresten igang her på Buvang, dei kom tidlig i år... :) Dei to første kjea var døde da dei kom. Det tredje kjeet hadde litt rare fota, så mamma tok det inn og bandasjerte, vi kaller kjeet "gaffa", naturlig nok ;) I natt kom det enda eit kje, det kjeet er digert, velskapt og full av energi!

14 februar, 2008

Flytedress

Vi har kjøpt oss overlevningsdrakt for 500 kr!! (kosta egentlig 2500 kr...)
No frys vi ikkje heilt istykker med ein gong om vi ramle i sjøen under hard seilas :)
Tøff..?

13 februar, 2008

Dåpen til Miriam

I helga tok eg hurtigruta saman med Oscar, Nina og Jens, vi skulle til Sandnes på dåpen til Miriam. På hurtigruta feira Jens 1 årsdag i ballbassenget, det tok av! Beste bursdagen hans så langt trur eg...
På tur i skogen
Nina hadde gledd seg til å møte Filip igjen.Han tar ikkje smokken, han gir den... Snill storebror
familien Hovde, avdeling Sandnes.

06 februar, 2008

"Veien til Middelhavet"

No har eg redigert filmen frå seilturen til Middelhavet, her er ein kortversjon:

Gode minner... :)

04 februar, 2008

Bestått :)

I dag tok eg teoriprøven for bussertifikat, og hadde kun to feil! :) Halleluja, så glad eg vart!
Eg håper på å få første kjøretime den her veka, men først må eg ha ein heil dag med ulykkesberedskapskurs. Utrulig kor mykje teori ein må igjennom før ein får satt seg bak rattet...

01 februar, 2008

Det første vårtegn

Snøklokkene under mamma sitt kjøkkenvindu imponerer, det er tydligvis ingen grunn til å vente på varmen...