13 januar, 2009

No er vi gift!

I går gifta eg og Nils Ingar oss! :) Det er utrulig stas, og vi er så glade.
Sidan vi no ikkje lenger skal vere to, men eitt har vi ordna ein fellesblogg: http://marienilsingar.blogspot.com På den bloggen ligg det naturlegvis bilete frå den store dagen :)

29 desember, 2008

Jula på Buvang

Den her jula er det berre Cathrine, Martin, Filip og Miriam som ikkje har vore på Buvang. Koselig å vere nesten alle samla.
Eget husband; Nils Ingar på piano, Sigmund med sang, Åsta Katrine på fiolin og Jens på gitar.
Familien Berntsen i ei lykkelig klynge
Aking i Børsetlia
"kortipanna"
Fin jul! :)

05 desember, 2008

Juleferie

Da er eksamen i friluftsliv, og eksamen i mattematikk over. Eg er ikkje fornøyd, men deilig å vere ferdig likevel... :) Det beste er at det betyr juleferie! No skal eg berre nyte dagane, fikse julegaver, og besøke tantebarn. GLE ME!

Ein anna god ting er at etter lang tid med leiting har eg endelig fått ein fin plass å bo også etter nyttår. Eg er kjempe fornøyd, og gleder meg til å flytte inn!

01 desember, 2008

Eksamen

Nils Ingar har hatt eksamen i dag igjen, så no ser han sånn ut:
Eg har også eksamen i dag, og i morgon, og neste dag, og dagen etter der igjen har eg to, og dagen etter der igjen er det fortsatt eksamen. Så på fredag ettermiddag er det min tur til å sjå ut som Nils Ingar gjer i dag! (Men eg fryktar at han kjem til å sjå sånn ut da og, medan eg rastlaust traskar rundt meg sjølv utan å greie å slappe av, det hadde vore likt seg...)

25 november, 2008

Sjå kva eg fann på Nils Ingar si maskin, artig! :)Imponerende at Nina fikk lyd ut av trompeten!

19 november, 2008

eksamenstid

Da er første eksamen (biologi) over, og eksamensperioden er godt igang, det er igrunn greit for det betyr at det snart er juleferie :)
Men det er ikkje riktig like greit at fagocyttane, og lymfocyttane i kroppen min må krige mot mikroorganismar, medan eg burde konsentrere meg om mattematikken.
Det hører vel med i ein eksamensperiode..?

29 oktober, 2008

den sjette sans: Innebygd kompass

Duer kan navigere ved hjelp av sola, eller mangnetfelta rundt jorda. Dei finn fram sjølv i dårlig vær. Men dersom vi sett ein mangnet på ryggen deira finn dei ikkje fram i dårlig vær lenger.
Artig!
Kilde: biologiboka "Bios"