27 juli, 2007

23 juli, 2007

Klatring i Svinberget

I dag var vi ein heil gjeng som drog til Svinberget for å klatre, FANTASTISK klatredag! :)



Til slutt eit bilde av mamma og pappa som har vore på seiltur i helga, dei er tøffe, eg er stolt av dei! :)

19 juli, 2007

Fisketur

Ein liten tur ut på fjorden i ettermiddag førte til stor fangst!
Vi vart etterkvart vant til at fisken beit på kroken allerede 2-3 meter under vannoverflata...
For første gong på veldig lenge syntest eg det var artig å fiske.
Marianne nemte at det må ha vore god stemning i Peter(disippelen) sin fiskebåt den gongen det var så mykje fisk at nota holdt på å revne, latteren var i allefall fullt til stede i vår båt!


Her har vi ein av mine fiskar, stor torsk på 2,5kg i slaktevekt. Bildet illustrerar litt av næringskjeda, den krabba(med imponerende størrelse) vart spydd ut av torsken mens den lå i dødskramper...
Her er resten av fangsten, i alt 35 fiskar!

Lazy-tur

På lørdag dro mamma, pappa, Sivert, Marianne, Nina og eg ut på tur med Lazy. Det var berre Nina som har vore på dagstur med båten før, men ho huska vist ikkje stort av det, så det var ein ny opplevelse for oss alle.

Målet var Veøya, men det er langt dit når det ikkje er vind og ein likevel vil seile...
Så da var det berre å la seila blafre medan vi åt middag, bada og fiska, trivelig!

Når båten hadde drevet ca 200 m i feil retning fordi det var blikk stille, tok vi til vettet og satte igang super-motoren (den har kjørt igjennom Europa uten eit einaste oljeskift, og enda går den på samme olja, imponerende...)


Veøya :)


13 juli, 2007

omgitt av go-folk!

Av og til er folk så snille at eg vert heilt overvelda...:
Nils Ingar vil vist gi meg ein Bibel og Arne sin ladar.
Pappa hadde ein pc som er prikk lik den som vart stjelt, pappa brukar vist ikkje pc'en så den kunne eg få...
Super-onkel Jan og super-pappa'n fiksa Lazy sin motor i dag.

TAKK!

heim, kjære heim! :)

Så komisk det var å komme inn på bloggen i dag og plutselig sjå at her har det skjedd mykje, trudde ikkje kristelige Nils Ingar dreiv med sånn hekking! OG at han publiserar det eg skriv til han!
Men, men det er mykje ein skal finne ut om kvarandre, også får vi berre jobbe oss igjennom det...




Det var uansett fantastisk å sjå Lazy flyt(t)e i(til) Romsdalsfjorden, det er uten tvil den finaste fjorden eg har seila ho i! Og ho tok seg godt ut i Hovdenakkvåg-havna. Eg oppdaga på turen med ho på hengaren at Lazy er ein stor båt, og synest fortsatt ho er det der ho ligg i havna saman med robåtane...

Det er forresten ingen store bilde frå turen, for fotoapparatet, pc'en, Bibelen og ladaren til telefonen min vart stjelt i Frankrike, kjipt. Og kva skal vel ein franskmann med norsk Bibel og norsk tastatur? Dessuten var ikkje batteriet til kameraet i og kor domt er det vel ikkje med ladar når ein ikkje har telefonen...?
Eg vil berre ha understreka at stjeling er dårlig utnytting av ting som ofte eigaren av utstyret hadde meir nytte av enn tyven har. Men eg har komme over den verste frustrasjonen no, livet går videre uten kamera, pc, Bibel og telefon med strøm på. Også får tyven ta seg av frustrasjonen av at utstyret han stjelte ikkje var heilt egna for han...

12 juli, 2007

Soga om Lazy, del 3

Nils Ingar rapporterer framleis frå sms...

10. juli
Skandinvia! Hurra, deilig å komme hit! Rekne me å komme inn i Sverige i kveld, å da bli det mest sannsynlig Norge i morgokveld.

11. juli 13:37
Vi ha snart komme t Gøteborg, har tatt litt tid me oss i dag for vi har satt inn ny dynamo. Håpe og trur at vi kjem over norgesgrensa i kveld, no kan vi jo kjøre når det bli mørkt å:)

11. juli 21:39
Norge! Deilig...! Vi kjem til å kjøre i natt for d tar så lang tid når vi må stoppe for åsleppe forbi bila heile tida. Småe vega i Norge...

12. juli 07:31
Vi e framme :) Pappa kjørte heile natta, deilig for me... Bli spennende å få ho på sjøen.

---------

Framme vil då seie Åndalsnes der Lazy skal heisast på sjøen, så segler dei ut til Skåla der båten skal ligge i småbåthamna.

09 juli, 2007

Soga om Lazy, del 2

I dag har vi vore på ein superstor sportsbutikk, og pappa måtte prøve treningsapperatet og vise muskla. E har jammen ein sterk far:)


Her har vi bil og båt, som nettopp har blitt forbikjørt av ein skurtrøsker. Og vi syns det e for dumt, men men sånn e livet når man kjøre tung last, som vingle.


Vi e 152 km fra Köln, og syns d e lang vei heim.

08 juli, 2007

Soga om Lazy, del 1

Nils Ingar har hacka seg inn på bloggen til Marie og rapportere litt frå kva ho har skreve på sms og mms:

3. juli
"Vi e på leit etter verksted i Tyskland. bilbatteriet lade ikkje lenger"
"No sitt vi i teltet og det plaskregne, Dynamoen e gåen og alt e tritt, nesten. Men vi har komme til tyskland så vi e ganske langt heimafrå da..."




4. Juli
"Pappa mekke... Heile dynamoen e defekt. d koste minst 15'000 kr me ny, og vi må vente til mandag for å få ein ny... uaktuelt... Så d ser ut t at vi fortsett uten dyanmo. dynamo e for pysa... Lei av den plassen her, mykje regn å... :-/"


5. juli
"No e e skikkelig gåen. D e litt rart å sitte i Lazy igjen, får tebake den litt triste følelsen av å være langt borte fra alt og alle. Bra at vi ska heim igjen med ein gong, håpa så dypt og inndeli at alt ska gå bra med lassing og kjøring, SPENT!! Bra visst du ber..."

6. juli
"Vi har hatt en varm dag, og en dag uten å kjøre, men D som skjedde da va at vi hadde ikkje no stativ t hengarn, så pappa foreslo at vi kjøpte litt material og bygge"

Og her driv pappa å bygge, e trur d blir bra, men d vil vis se i mårra. For da har dem lovt oss at dei vil hjelpe å losse på. D e vi veldi spent på, så da begynne vi mest sannsynlig å kjøre i mårra.




7. juli
"No har vi akkurat lasta Lazy på hengern, men har berre kjørt litt rundt på området her. E syns d ser så skumelt ut at e nesten bli litt kvalm."

8. juli
"no har vi kjørt en dag, å d går utruleg nok bra... Men d går sakte ca 60 km/t. Vi kjem ikkje ut av Frankrike i dag."

----------------------------------------------
Marie helsar alle sammen frå ein telefonboks i nærheten av Nancy, Frankrike. Har kjørt 729 km frå Middelhavet, men er framleis 2280 km frå Ålvundfjorden.

01 juli, 2007

Sommar og det som høyrer med

Det har skjedd mykje i det siste, og dagene vert ikkje heilt sånn som dei brukar å bli på Hovdenakken.



Sidan sist har Sigmund og Åsta Cathrine gifta seg, Nils Ingar har flytta ut av Steinkjer, det har vore dugnad på Kraftverket, Theres har vore på besøk, Dag-Filip og Merete gifta seg, eg har vore på leir og eg har flytta ut av Hovdenakken for sommaren. Dei fleste nettene har eg tilbrakt på Buvang i Ålvundfjord, det er SÅ trivelig å vere her no som det vrimlar rundt av søsken, svigerinner, tanteungar, to foreldre og fleire andre som stikk innom. Best av alt er det når Nils Ingar kjem, og det skjer litt oftare enn før no som han ikkje lenger er i Steinkjer, endelig har han komme heim! ;)

Men i morgon stikk eg av sammen med seilbåten Lazy igjen, denne gongen på bil-vegar og ikkje kanalar. Eg fann ut at det går raskare med bil...