29 oktober, 2008

den sjette sans: Innebygd kompass

Duer kan navigere ved hjelp av sola, eller mangnetfelta rundt jorda. Dei finn fram sjølv i dårlig vær. Men dersom vi sett ein mangnet på ryggen deira finn dei ikkje fram i dårlig vær lenger.
Artig!
Kilde: biologiboka "Bios"

22 oktober, 2008

varmt inne, regn ute -trivsel :)

I dag har eg vind og regn/hagl/sludd piskende mot vindusruta på soverommet, eg sitt rett innafor i varmen og skriv oppgave om kystfriluftsliv. Akkurat i dag nyt eg å kunne sitte inne og skrive om å vere ute.

Apropo kystfriluftsliv; har de tenkt over forkjellen på eit mannskap og eit kvinne skap?

20 oktober, 2008

Heime igjen

Kystveka vart våt, men ikkje så ille som forventa, heldigvis :)
Det er litt tiltak å fotografere når alt er vått, så eg har nesten ingen bilde, berre nokre frå den kvelden utan regn...

Sjusteinsovn, vi stekte sneglar, bollar og pai. Eg foretrakk bollar og pai.
Vi satte teiner og fekk utruleg mykje krabbe.
Christopher og Julie (veninne frå Øya)

Vart ei fin veke, men det er deilig å vere heime igjen og :)

12 oktober, 2008

Kystveke

Heile den veka her skal eg på tur saman med friluftslivklassen. Temaet er kyst og vi skal bo i telt ute på Yksenøya. Var inne på yr.no og fann ut at det blir vått!! Eg kjem til å sjå ut som ei iskald rosin lenge før eg kjem meg heim igjen...

Brr.... :(

07 oktober, 2008

Verdens største blomst

Rafflesiablomstrane kan bli over 1 meter i diameter og kan vege over 15 kg!
Eg trudde alle blomstrar var trivelige, men ikkje Rafflesiablomsteren. Den har ingen eigen plante som driv fotosyntese, derfor veks den som parasitt på tre i druefamilien. Dei liknar og luktar som rått kjøtt, dermed trekjer dei til seg fluger. Blomsten har ingen ting å tilby flugene, ingen næring og den er uegna å legge egg i, men flugene støvar blomstrane. Etter ei veke visnar blomsten, så den er med andre ord kort og brutal...

Kilde: Biologiboka mi "Bios" og
http://www.borneowonder.com/images/RafflesiaFlower.jpg

04 oktober, 2008

til og frå skulen

og sånn går no daganj...