28 oktober, 2007

BÆ!

De, sauene mine, flokken som eg gjæter, de er berre menneske, men eg er dykkar Gud
esek 34,31
Heldigvis for oss dumme sauer/menneske at vi har ein sånn Gud!
Jobber med å innsjå at eg er liten og Han er stor, kjem alltid til å jobbe med det.

Ein sånn dag

der ein bør gjere eit forsøk på livsnyting
og når eg prøver å nyte livet, finn eg ut at eg eigentleg ikkje likar kakao så godt...

27 oktober, 2007

Kjekt å ha

ein sånn fyr ;)

24 oktober, 2007

Kubota -den beste traktoren...

Pappa har kjøpt to Kubotatraktorar, ein skal gjere arbeid hos Martin i Sandnes, og ein skal arbeide på Hovdenakken :)
Det går ann å sette på eit "plenkløppeagregat" under traktoren, så til våren vert det skikk på plena i hagen min.
Det bli den tøffaste traktoren på Skåla, heilt sikkert!
Gledar meg til å leike bonde...

19 oktober, 2007

Tante igjen! :)

Endelig, i dag kjem Jens, mitt tredje tantebarn :)
Han kjem frå Sør Korea, men no har han vorte ein del av familien på Larsåkeren.
Alle hjerter fryder seg....

Ingen bilde av Jens enda, det kjem med tida. Her er den stolte storesøstra Nina, av og til tar ho seg tid til ei bok, enda så travelt det er å ha fått ein lillebror.