30 november, 2007

Staden vi segla rett forbi... :(

God underhaldning for tida er å svirre rundt på google earth. Der kan ein sjå på stader ein drømmer om å besøke, stader ein har besøkt, eller dei stadane ein har segla rett forbi...

I fjor på den her tida sov eg og Elise ei natt i Marsielle og dagen etterpå segla vi rett til La Ciotat for så å ligge værfast der i nokre dagar. Det vil si at vi segla rett forbi Cassis, til fordel for La Ciotat. Ikkje det at La Ciotat var ein spessielt vakker stad, det vart sånn fordi vi ikkje viste betre...

Her har vi kjelda til min frustrasjon, bilde frå Cassis, plukka frå Google Earth:





















Tenk at det er mogleg å segle forbi ein sånn stad!
Tenk om vi heller hadde vore værfast i Cassis, da hadde det nok vorte ein del klatring på oss, rett opp frå båten, det var sånt vi drømte om før før vi reiste på tur, og der segla vi rett forbi!!
For å trøste (meg sjølv mest...(og sikkert Elise...)) kan eg fortelje at da vi kom inn til La Ciotat den kvelden var det full fest i byen, og det vart jo ei artig oppleving det og da...
Bilde frå første kvelden i La Ciotat:

25 november, 2007

Velsignelser

Max Lucado skriv i boka "nærmere enn du aner": "Guds største velsignelser kommer ofte i form av katastrofer. De som er i tvil om det, trenger ikke gjøre annet enn å stige opp på Golgata-høyden"
Fantastisk! :)

Kan forresten annbefale den boka...

24 november, 2007

Adventskalender! :)

Eg har fått adventskalender frå Elise!

TUSEN TAKK Elise!
No gledar eg meg til advent... :)

Ellers vil eg benytte anledninga til å tipse alle som snart skal pakke inn pakker (reknar igrunn med at det er dei fleste...) om å gjere som Elise: Pakk gavene inn i vanlig papir eller "gråpapir", for det papiret kan ein kaste i papiravfallet, og det er mykje meir miljøvennlig... Vanlig gavepapir er restavfall.
Dessuten ser gåvene minst like spanande ut når dei er pakka inn i for eksempel kart :)

22 november, 2007

Lazy om vinteren

Lazy er ensom og forlatt på brygga no, dei andre båtane har fått opp for vinteren.
men Lazy greier seg i fint i det kalde vatnet, og eg har trua på vinterseilas.
Vinterseiling er nok godt egna for ei som likar å vere ute, men som misstenkjer at det her bli ein vinter med få harde toppturar. Motoren har derimot lite trua på vinterseilas, den synest det er for kaldt, men eg håpar den skjerper seg når pappa`n min kjem...
Det var ikkje berre motoren som var redd for å måtte "sprelle" i vatnet i dag. Også eg var unormalt redd for å ramle utfor brygga...

16 november, 2007

Jens

Her kjem bilda eg tenkjer de har venta lenge på :)
Skikkeleg stas å ha vorte tante igjen :)

14 november, 2007

Liten blomst i mørketida...

Plutselig hadde det komme blomster i vinduskarmen, trivelig :)
Eg har aldri før sett blomster på ein "Grønnrand", da bli det ekstra stas!

12 november, 2007

Siri-helg

Da er Siri i lufta på veg tilbake til Oslo, og vi ser tilbake på ei triveleg helg :)
Lørdag var vi i det spreke hjørnet og gjekk opp til varden, det var fint å komme seg ut litt. Også synest eg fortsatt ikkje det er så dumt med snø...

Fantastisk deilig å vere sammen med ein så god venn som eg har kjent så lenge. Eit vennskap krever ganske lang tid før det kan komme inn i ein sånn dimensjon.

11 november, 2007

Trivelig med besøk :)

I helga er Siri her, det er gode greier :)
Her er eit bilde av Siri og Jan Eivind på besøk i fjor på omtrent samme tida. Da var Nice og Lazy staden :)

09 november, 2007

I dag har det komme snø! Ikkje riktig så mykje at det er klart for skitur, men nok til at det kriblar litt i magen. Begynne nok å bli bra i fjellet... :)
Snøen er ei skikkelig oppmuntring i den her triste mørke årstida!
Ser fram til ein vinter med mykje snø i fjellet, i alle fall om nedbørsmengda fortsette som den har gjort i høst.

No er det berre mangel på sol som gjer at Skåla ikkje ser sånn ut, men sola kjem...

...ein gong...

...snart kanskje...?

08 november, 2007

Liten tur heim til Buvang,

her er ting omtrent som normalt...

04 november, 2007

Super-helg

Den her helga har vore akkurat sånn eg og Nils Ingar likar den, stappfull av kvalitetstid :)
Lørdag med hagestell (i pøsende regnvær og med kalde fingrar) og kino. Søndag med seiltur og SOL! Glemte fotoaparat, det var ergelig, men ellers var det ingen ting å klage på.
No er eg sliten. For tida har eg ein tendens til å ikkje merke at eg er sliten før eg er skikkelig sliten. Men da er det heldigvis berre å kvile, så blir det betre.

01 november, 2007

ekko i hodet...

Eg gjekk meg på ein smell under høstleirane, og siden den tid har hodet mitt føltes forholdsvis tomt.
Merkelig greie å plutselig oppdage at tankane går nesten like sakte som på seiltur.
Av og til er det nødvendig å tenke sakte, det burde alle øve seg på.
Det beste tipset er som sagt ein seiltur. Ellers kan vedhogging anbefalast, men det gir ikkje like gode resultat som ein seitur gjer.
Er det nokon som har andre tips for rolig hode?