15 april, 2007

Dugnadsleir

Fredagsmorgonen: Før eg opna auga om morgonen trudde eg at eg var heime på Buvang og at huset var fult av folk som var igang med å starte dagen og eg skulle stå opp og ete frukost saman med dei, ein sånn morgon er av dei aller beste! Men eg var altså på Hovdenakken, åleine. Eg hadde hatt farrang(spysjuka) i to dagar og sånt vert ein vist litt ensom av når ein bur åleine... Men skuffelsar etter å ha vokna ut av gode draumar går ofte over når ein berre får komme igang med dagen :)
Og dagen vart altså god, for endeleg var eg frisk, og veldig klar for dugnadsleir, arbeidslysta slo meg i hodet og eg satte igang med å hugge ved før eg dro til Phillipshaugen. Kva er vel bedre enn å komme på leir etter litt ensome dagar?!

SÅ kjekt det var å vere på dugnadsleir når arbeidslysta boblar på innsida og ein lengtar etter å vere sosial! :)
Bilda er frå tidlegare dugnadsleirar, eg har rota bort ladaren til kameraet, så ingen bilder den her leiren.

Ingen kommentarer: