17 august, 2007

Lazy-livet

No er eg tilbake i huset på Hovdenakken etter å ha bodd tre dagar i byen, nærare bestemt i Lazy...
Det var på mange måtar stas å bo i Lazy, mange gode minne kjem fram igjen, men eg må også seie at det var deilig å vere tilbake i huset no, det er litt meir luksus her (do og sånt...).
Nils Ingar var med å seile Lazy heim igjen, det var greit å vere to for det var mykje vind! Segla med med-vind, og hadde likevel rev i storseglet, artig, men slitsomt.
No er det natta, i morgon er det ny tur med "Lazy".

Ingen kommentarer: