21 april, 2008

Eg og Lazy har det fint

No er det snart ei veke sidan eg og Lazy flytta inn i Molde gjestehavn, det er eit flytt vi ikkje angrar på! Her er det fint å bo :)
Det er litt meir komfortabelt å bo i Lazy no, samanlikna med korleis det var på seilturen til Middelhavet. Sjølv om vi var på Middelhavet kunne det vere ganske kaldt i Lazy om kveldane, eller kanskje spessielt morgonane... Uansett, vi var sparsome på strømmen det halvåret, også låg vi skjeldent lenge på kvar plass derfor brukte vi berre strøm frå batteria. Men no derimot har eg blitt "fastboande" i Molde, derfor har eg strøm tilgjengelig rett frå brygga heile tida, og det opnar for sånn luksus som varmeomn,
og elektrisk kjølebag, også kan eg jo bruke elektriske lamper, stereoanlegg, pc og telefon utan å tenke på når eg skal få lada batteria neste gong...
Og for dei som skulle bekymre seg for at eg lukta dårlig den her våren pga at eg skreiv i tidlegare innlegg at eg ikkje hadde sanitæranlegg kan eg fortelle at det har ordna seg, eg HAR tilgang til sanitæranlegg! :)
Ei siste setning om luksus: Her i Molde har dei noko så genialt som eit nettverk kaldt "hotspot_molde", det er gratis trådløs internett sponsa av div bedriftar her, derfor kan eg sitte i Lazy og blogge, det er fint det!

Det hører jo også med eit bilde av kjøretøya eg durar rundt med for tida:
Sykkelen var ikkje tilstede da bildet vart tatt...

6 kommentarer:

Bjørn Hovde sa...

Dette ser bra ut! Eg kjem snart på visitt.
Pappa

Marie sa...

Gle me :)

Anonym sa...

Du får det til, du Marie!!
E var forberedt på å ta med dunjakka mi på vift, men det ser ikkje ut til at e treng=)

klem k

Anonym sa...

Hei.
Artig å sjå bilda fra molde...
Å godt å sjå att d e volvo du kjøre!
Stå på Marie
Mvh Knut O

Anonym sa...

Så fint det ser ut som dere har det, der på bryggekanten! Utrolig bra utsikt da!! også så sentralt!

Buss, bil, båt og sykkel.... Du har litt å velge mellom for å komme deg fram...:)

Anonym sa...

kjempefin buss! En sånn vil eg og ha pappa:-) helsing Martin.