26 desember, 2007

OPPTUR!!

Ja, oppturen nådde faktisk over 1000 høgdemeter :)

Som mange veit gjekk eg på ein smell under høstleirane i oktober, etter den tid har eg vore meir eller mindre sjukmeldt, det har vore ein skikkelig nedtur.
Mykje prøving og feiling har skjedd sida den gong, eg har ikkje heilt fått til å vurdere kva eg orkar og ikkje orkar til ei kvar tid. Det har vore mange skuffelsar over at kroppen har vore heilt utslitt etter ein sosial kveld. Det er trist å merke at eg ikkje kan leve på den måten eg savna å leve da eg var på seiltur; altså saman med mange menneske...

MEN i dag vart det ein opptur! Eg har vore på topptur med skia mine, vi hadde komme oss opp på toppen om ikkje vinda og den dårlege sikta hadde psyka oss ut. Det vart eit kjempe oppløft for meg å merke at den fysiske delen av kroppen min virkar sånn eg vil den skal virke.
Da eg plutselig oppdaga at eg hadde komme meg opp på ryggen av "Smisetnebba"(og dermed hadde runda 1000 høgdemeter) kom det nokre høge "takk Gud-rop" og brøling berre av rein lykke, DEILIG!!
Neste gong eg merkar at kroppen ikkje orkar meir i sosiale samanhengar blir det deilig å tenke på at den likevel greier 1000 høgdemeter.
Takk og lov altså! :)

3 kommentarer:

Bjørg sa...

Gratulerer, Marie! Godt å se at det går oppover og oppover mot stadig nye høyder!

God juleklem til deg!

Svar på dagens spørsmål på bloggen min kommer i kveld, få gjerne flere til å melde seg på!

Bjørg sa...

Gratulerer, Marie! Godt å se at det går oppover og oppover mot stadig nye høyder!

God juleklem til deg!

Svar på dagens spørsmål på bloggen min kommer i kveld, få gjerne flere til å melde seg på!

Anonym sa...

STÅ PÅ!! :D *klappklapp*
sjønne godt at du bli sliten av mykje folk, sjølv om d e kjekt! Blir veldi sliten av d ej ogso, sjøl om ej ikkje e dårli.. :)
men kjekt å høre at du he komt dj litt :)