13 juli, 2007

heim, kjære heim! :)

Så komisk det var å komme inn på bloggen i dag og plutselig sjå at her har det skjedd mykje, trudde ikkje kristelige Nils Ingar dreiv med sånn hekking! OG at han publiserar det eg skriv til han!
Men, men det er mykje ein skal finne ut om kvarandre, også får vi berre jobbe oss igjennom det...




Det var uansett fantastisk å sjå Lazy flyt(t)e i(til) Romsdalsfjorden, det er uten tvil den finaste fjorden eg har seila ho i! Og ho tok seg godt ut i Hovdenakkvåg-havna. Eg oppdaga på turen med ho på hengaren at Lazy er ein stor båt, og synest fortsatt ho er det der ho ligg i havna saman med robåtane...

Det er forresten ingen store bilde frå turen, for fotoapparatet, pc'en, Bibelen og ladaren til telefonen min vart stjelt i Frankrike, kjipt. Og kva skal vel ein franskmann med norsk Bibel og norsk tastatur? Dessuten var ikkje batteriet til kameraet i og kor domt er det vel ikkje med ladar når ein ikkje har telefonen...?
Eg vil berre ha understreka at stjeling er dårlig utnytting av ting som ofte eigaren av utstyret hadde meir nytte av enn tyven har. Men eg har komme over den verste frustrasjonen no, livet går videre uten kamera, pc, Bibel og telefon med strøm på. Også får tyven ta seg av frustrasjonen av at utstyret han stjelte ikkje var heilt egna for han...

4 kommentarer:

arnedro sa...

Ja, pappan lurte på om han lov til det ja.

Nils Ingar sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Nils Ingar sa...

jaja Marie, det var jo og ein måte å seie det på...
PS pappa: ho ga meg passordet og ba meg gjere det.

Anonym sa...

Ja, gir man først borte eit passord så er det gjort. Lurer forressten om du veit at tjuven er ein mann? Ventar på å kome på lista blant dei snille, for ladaren meiner eg er min.