28 januar, 2008

Beregne nyttelast

I dag var første av fem teorikursdagar hos kjøreskulen på Sunndalsøra. Klassen bestod av meg og ca 15 karar, eg greide meg fint :)

Dagens pensum bestod stort sett av å beregne nyttelast, så no kan eg å beregne kvar eg bør plasere dei tyngste pasasjerane. Ja, ja, det er jammen mykje nyttig ein skal lære...

Men sånn kan det altså gå om lasten på ein lastebil ikkje er plassert riktig...:

27 januar, 2008

Adjø til Odd


I dag har eg vore på avskjedsgudsteneste med Odd Bondevik. Vi i Møre har hatt ein utrulig god biskop; bunnsolid, Jesusfokusert og jordnær, ein super kombinasjon :)

Prekentekseten i dag var joh.17.1-8. Odd la mest vekt på vers 3:
Og dette er det evige liv, at de kjenner deg, den eneste sanne Gud, og ham du har sendt, Jesus Kristus.

Odd fortalte om første gong han reiste ut som misjonær, om kor hjelpeslaus og fremmed han var i Japan da han kom dit. Men så møtte han ein han kjente, som også var misjonær der, og det utgjorde heile forskjellen. Odd sitt poeng er; det er ikkje så viktig kvar vi kjem, det viktige er kven vi møter der. Fin ting at uansett kvar vi ferdes, no i livet eller seinare, så kan Jesus møte oss der, Han kjenner oss, vi kan kjenne Han, og Han kjenner staden vi kjem til :)

Eg er takknemleg for det Odd har betydd i Møre. Sitat frå ei i kirkebenken: "det har vore godt og trygt å ha Odd i ryggen", det kan eg si meg enig i.

23 januar, 2008

ut frå Hovdenakkvågen

Den veka her flyttar eg ut frå huset på Hovdenakken.
Huset med fantastisk natur rundt,

stor hage og veranda, og mykje trivsel i stua...

Men eg forlet heldigvis ikkje Hovdenakken heilt sjølv om eg forlet huset, Lazy ligg fortsatt i havna, så da vert det nok litt turar utover våren :)Eg har meldt meg på kurs i Sunndalen for å ta førarkort på buss. Tanken om å kjøre buss har eg hatt heilt sida før eg begynte i NMS U, men no endeleg skal eg gjere noko med det. Kvar eg skal kjøre buss når lappen er i orden har eg ikkje heilt bestemt meg for, Stavanger eller Trondheim kanskje...?

20 januar, 2008

Frå ei go veke

No har eg hatt ei riktig fin veke i Trondheim,

og ei trivelig helg på Gjøra.

Da eg kom heim til Buvang var Nina, Jens og foreldra på besøk, det var også sjølvsagt stas :)

Måtte bruke gamle bilde av Nina og Jens, for det var så artig å leike med dei at eg heilt glømte å ta bilde (trur det var det som skjedde...?)

Livet kan vere veldig fint :)

12 januar, 2008

Lyset på jorda

Jorda om natta:

På eit sånt bilde kan ein tydelig sjå kvar dei rike folka bur.

I bergpreika sa Jesus til disiplane sine:
"De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast." -matt. 5, 14
Eg undrar meg på korleis bildet hadde sett ut om det var lyset frå notidas disiplar som lyste.
Skal tru kvar lyset hadde vore plassert, og kor lyst hadde det vore?

09 januar, 2008

Kubotaen har endelig flytta til Hovdenakken :)


Pappa har fiksa kjettingar og skjær til den, så no ventar eg berre på snøen så eg kan brøyte...
Bli stas!

06 januar, 2008

Gamledagar...

I dag har eg sett igjennom skuffer og skap her på Buvang, mykje artige blider å finne!
Du skal få ein smakebit:
Her har vi meg og Pontus, tidenes tolmodige sau trur eg
Mamma sin 41 års dag, fikk sykkel på senga.
Oscar, Martin, mamma, meg, Sivert, Marianne og Sigmund Blåbær på strå
mamma, eg og Marianne
Oscar sin konfirmasjon
Det høyrer sjølvsagt også med eit bilde frå første skuledag med rosa sekk, rosa bluse, rosa sko og blomstreskjørt...