30 november, 2007

Staden vi segla rett forbi... :(

God underhaldning for tida er å svirre rundt på google earth. Der kan ein sjå på stader ein drømmer om å besøke, stader ein har besøkt, eller dei stadane ein har segla rett forbi...

I fjor på den her tida sov eg og Elise ei natt i Marsielle og dagen etterpå segla vi rett til La Ciotat for så å ligge værfast der i nokre dagar. Det vil si at vi segla rett forbi Cassis, til fordel for La Ciotat. Ikkje det at La Ciotat var ein spessielt vakker stad, det vart sånn fordi vi ikkje viste betre...

Her har vi kjelda til min frustrasjon, bilde frå Cassis, plukka frå Google Earth:





















Tenk at det er mogleg å segle forbi ein sånn stad!
Tenk om vi heller hadde vore værfast i Cassis, da hadde det nok vorte ein del klatring på oss, rett opp frå båten, det var sånt vi drømte om før før vi reiste på tur, og der segla vi rett forbi!!
For å trøste (meg sjølv mest...(og sikkert Elise...)) kan eg fortelje at da vi kom inn til La Ciotat den kvelden var det full fest i byen, og det vart jo ei artig oppleving det og da...
Bilde frå første kvelden i La Ciotat:

2 kommentarer:

Anonym sa...

NEI!!! Er det MULIG!!

Jeg velger å ikke tro det, og tenker at dette må være et område jeg aldri har vært i og at hit må jeg reise en eller annen gang... Sammen med deg marie! Og da kan vi jo bare ringe til Helmut i port st. Louis (selv om det blir i feil retning..) så kommer han sikkert mer enn gjerne å henter oss... og vips så va vi i cassis.. Han kjører fort!!

Håper det står bra til med deg, kjære Marie!! God Helg!

ps: Et godt tips, marie er å stikke innom seilturbloggen og gå gjennom alle blogginnlegga og lese alle kommentarene.. Sabla god underholdning! :)

Marie sa...

Ja seilturbloggen, det e trivelig greier! :)
Og tur t Cassis e nok ingen dum idè, d hadde jo vore fint å hatt Lazy der og da men... ;)