11 juni, 2007

Perspektiv

I helga fekk eg nokre tankar...:

Eg var nede ved sjøen på Buvang (heime med mamma og pappa) og fyrte bål, da kom eg til å legge på ein ganske stor stokk som det var ein edderkopp på. Edderkoppen sprang vilt rundt oppå stokken for å finne ein plass der det ikkje var så varmt, men greide det ikkje, han såg ikkje det som eg såg.

Dersom edderkoppen hadde fått sett mitt perspektiv (som eg har prøvd å illustrere) hadde han sett at det var ei løysning; om han hadde våga seg ut på stokkens smale parti kunna han ha komme seg ut av bålet. Men det våga han ikkje, for han viste ikkje at det var noko berging den vegen...

Edderkoppen minnte meg på at det jammen ikkje er så dumt å høre på Gud sine vegleiingar. Gud har eit uforsåeleg stort perspektiv, sprøtt at eg ofte er så forferdeleg treig til å høre etter, og at eg ofte ikkje ein gong ynskjer å høre vegleiingane.

Brødhaud...

1 kommentar:

John Gudmund sa...

du e da egentli ganske smart du marie..treng liksom berre litt frisk luft for å komme t syne:)