10 juni, 2007

Kjell har lagt egg i blomsterkassa

Da eg kom heim til Buvang i helga oppdaga eg at kjell'n har ordna seg reir i blomsterkassa på trappa, den trappa vi går opp og ned mange gongar om dagen... Eg er ikkje heilt sikker på om eg syntes det var lurt, men triveleg var det :) Om morgonen på solfylte fridagar brukar eg ofte å sitte på den trappa og ete frukost, lese, tenke, eller ikkje gjere noko anna enn å berre sitte der. Da er det trivelig å ha litt selskap, sjølv om Kjell berre står der å skrik til meg ute på plena, sikkert passelig fortvilt over at eg forstyrrar ruginga. Kjell er uansett ein triveleg liten skapning, sjølv om eg ikkje trur han kunna sagt det samme om meg...

2 kommentarer:

John Gudmund sa...

vakkert vakkert:)
festli at du sitt utpå trappa å enten tenke eller gjør ingenting:)

Marie sa...

Ja, å sånn går no daga`n...