Nina var på besøk i helga, stas å vere tante! :)
27 september, 2007
22 september, 2007
Rundt Sekken
I går tok mamma, Sivert, Nils Ingar og eg turen rundt Sekken på Sykkel
mamma forklarar og Sivert er tolmodig, mens Nils Ingar ser ut til å bli ein vanskeleg svigerson...
17 september, 2007
12 september, 2007
Fotografen
Det har vore dårlig med oppdatering i det siste, blogging er ikkje like artig etter at fotoaparatet vart stjelt.
Heldigvis har Nils Ingar fotoaparat, men han er ikkje en veldig ivrig fotograf for tida. Ikkje ein gong no i helga da Jona var her, det her er det næraste vi kjem eit bilde av Jona...:
Heldigvis er det ikkje så trist som det i første omgang kan sjå ut som...
30 august, 2007
Bobb-bobb-bobb-bobb-bobbler inni meg...
Av og til kjennes det ut som at eit eller anna inne i magen min held på å bobble over, nei det kjem nok ikkje av luft i systemet. Eg er forelska...Nils Ingar er den fantastiske mannen. Det er så stas å merke at eg stadig likar den karen berre betre og betre, lurer av og til på om eg snart har møtt toppen på kor glad det går ann å bli i han, men det har tydeligvis ikkje tenkt å gi seg med det første. :)
29. desember er den store dagen, og eg gleder meg! Men eg må også tilføye at eg tenkjer nok meir på, og gleder meg enda meir til alle dagane etter 29. desember...
17 august, 2007
Lazy-livet
No er eg tilbake i huset på Hovdenakken etter å ha bodd tre dagar i byen, nærare bestemt i Lazy...
Det var på mange måtar stas å bo i Lazy, mange gode minne kjem fram igjen, men eg må også seie at det var deilig å vere tilbake i huset no, det er litt meir luksus her (do og sånt...).
Nils Ingar var med å seile Lazy heim igjen, det var greit å vere to for det var mykje vind! Segla med med-vind, og hadde likevel rev i storseglet, artig, men slitsomt.
No er det natta, i morgon er det ny tur med "Lazy".

11 august, 2007
TenMisjonsFestivalen!
Den her veka har eg vore på TMF, fantastisk bra festival! :)
Litt sliten, så no bli det godt å sove...
Bilda er tatt av Julie Elise Tuvik, TAKK :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)