I fjor på den her tida sov eg og Elise ei natt i Marsielle og dagen etterpå segla vi rett til La Ciotat for så å ligge værfast der i nokre dagar. Det vil si at vi segla rett forbi Cassis, til fordel for La Ciotat. Ikkje det at La Ciotat var ein spessielt vakker stad, det vart sånn fordi vi ikkje viste betre...
Her har vi kjelda til min frustrasjon, bilde frå Cassis, plukka frå Google Earth:

Tenk at det er mogleg å segle forbi ein sånn stad!
Tenk om vi heller hadde vore værfast i Cassis, da hadde det nok vorte ein del klatring på oss, rett opp frå båten, det var sånt vi drømte om før før vi reiste på tur, og der segla vi rett forbi!!
For å trøste (meg sjølv mest...(og sikkert Elise...)) kan eg fortelje at da vi kom inn til La Ciotat den kvelden var det full fest i byen, og det vart jo ei artig oppleving det og da...
Bilde frå første kvelden i La Ciotat:



Lazy er ensom og forlatt på brygga no, dei andre båtane har fått opp for vinteren.
men Lazy greier seg i fint i det kalde vatnet, og eg har trua på vinterseilas.
Det var ikkje berre motoren som var redd for å måtte "sprelle" i vatnet i dag. Også eg var unormalt redd for å ramle utfor brygga...
