28 mars, 2007

6 ting du kanskje ikkje viste...

No er det på høg tid at eg tar konsekvensane av at Bjørg tok meg på "sisten" eller "tikken".
Oppgava var at eg skulle skrive 6 ting om meg sjølv som ikkje så mange veit:

- Har hatt store drømmer om å drive småbruk på ei øy, så slepp ein å sette opp gjerde for dyra. Øya kunne gjerne vere så stor at dyra nesten vart ville, så kunna ein ha gått på kanin, geit og sauejakt.

- I vill "lillesøster-agresjon" klipte eg ein gong Marianne sin finger.

- Mitt høgaste ønske som sjuåring var å få ballkjole (Det var i allefall det eg skreiv i den super-hemmelege sjuårsboka)...

- Har lettare for å bli husredd enn redd i ein mørk skog.

- Eg og Marianne spytta ein gong i IFAeska, så vi skulle få ha dropsa for oss sjølv. Da Martin lurte på om han kunne få turte vi ikkje si kva vi hadde gjort, han vart fryktelig sint...

- Ein dag eg satt i huset på Hovdenakken og planla andakt fekk eg eit desperat behov for å gjere noko anna, så eg gjekk ut i hagen med planer om å rydde kvist, men endte med å hogge ned ei stor furu med øks(var ganske fornøyd når det begynte å knake og treet falt...), fekk i alle fall brukt litt energi... (Toppen av furua hadde allerede knekt i vinterstormane, så trur ikkje eg gjorde noko gale...)

Ingen kommentarer: